9000 på speidarleir i Bodø, 4000 nytta ArcGIS-kart

Speidarleiren Nord2017 gjekk av stabelen i juli med heile 9000 deltakerar, 1000 av desse var internasjonale. Eg var med som stabsmedlem i Teknisk Kommunikasjon på leiren og som utviklar i Geodata var det heilt naturleg å lage eit kart over leirområdet i ArcGIS. Det viste seg å vere nyttig.

Publisert: 23. aug. 2017 , i Inspirasjon

Planen om å lage eit interaktivt kart over leiren var der frå starten av, men dette vart nedprioritert under oppbygging av leiren. Etter opninga av leiren vart det derimot fortgang i arbeidet.

Vi satte opp to webkart i ArcGIS Online, eit for redigering og eit for å vise til publikum. Då var det enkelt å leggje opp til ei redigeringsløype utan at det påvirka utsjånaden til publikumskartet.

Før leiren starta vart det trykt opp eit kart vi tok utgangspunkt i for å få på plass symbolisering og fargar. Fordelen med webkartet var at vi kunne ta med meir informasjon og korrigere endringer som hadde oppstått undervegs.

Etter at alle gruppene var lagt inn med plassering på kvar dei budde, samt at vi hadde fått lokalisert kafear, scener, toalett osv, var det på tide å legge ut kartet for publikum. Du kan sjølv klikke deg rundt i kartet her.

Slik gjorde vi det

Vi brukte ein mal frå Esri sin github-konto og gjorde deretter mindre tilpasningar for å få rette fargar og tilpassa layouten litt til. Det var enkelt å konfigurere dei ulike kartlaga som skulle vera søkbare i søkefeltet. Einaste ulempen vi fant her var at det berre var mogeleg å vise fram eit felt. Dette løyste vi på enkelte plassar ved å slå saman norsk og engelske uttrykk via "Field Calculator" i ArcGIS Online.

Populært kart

Kartet blei raskt populært når vi la det ut på heimesida til leiren. Det var tydeleg at både folk på leiren og foreldre/interesserte heime kikka rundt. Nesten 4000 personar var innom kartet.  Besøket heldt seg stabilt heile leiren med i snitt litt over 400 visningar per dag. 

Lærdom

Vi oppdaga dessverre ikkje tidsnok på leiren at serveren mangla https, dermed blei det dessverre ikkje mogleg å legge inn "Her er eg"-funksjonalitet. Då tok me og vekk tanken om å hjelpe til med å finne nærmaste toalett, kiosk, etc. eller å finne raskaste vei mellom to punkt på leiren. Dette skal vi nok få på plass neste gong.

ArcGIS Online saman med ArcGIS Pro gjorde det mogleg å sette saman eit kart på kort tid med den informasjonen me rekna med at speidarane på leiren var ute etter. No er det berre å byggje vidare på erfaringene. 

Sjølv har eg vore speidar sidan eg gjekk i 5. klasse i Førde og har teke mine grader i patrulje- og gruppesystemet. Det er ekstra kjekt å kunne bidra inn i ein slik leir med den kompetansen eg no har frå Geodata. 

Nysgjerrig på korleis du sjølv kan lage kart til leir, festival e.l. Ta gjerne kontakt med meg!

For teknisk support, gå til våre supportsider.

Send en e-post til geodata@geodata.no eller ring 23 24 90 00 og vi sørger for at du får snakke med riktig person.

For teknisk support, gå til våre supportsider.